topp

Alarmsentralen Sogn og Fjordane er eit interkommunalt selskap som er eigd av kommunane i Sogn og Fjordane. Hovudarbeidsoppgåva er mottak og formidling av naudmeldingar, samt mottak og formidling av tryggleiksalarmar og andre automatiske alarmar.

Sentralen utgjere i dag 10,5 årsverk i turnus + 1 fagutdanna helsearbeidar på dagtid. Administrasjonen består av 3 tilsette: Dagleg leiar og fagleg ansvarleg for tryggleiksalarmar/ velferdsteknologi. Sentralen har og eigen teknisk ansvarleg som arbeider dagtid.

Alarmsentralen  Sogn og Fjordane IKS søker sjukepleiar.

Alarmsentralen utfører to hovudoppgåver for våre eigarkommunar. Dette er mottak og formidling av naudsamtaler via naudnummer 110, samt mottak og formidling av tryggleiksalarmar/ velferdsteknologi.

Vi søkjer no etter engasjerte sjukepleiarar som skal  jobbe i eit tverrfagleg team av medarbeidarar på sentralen.

Stilling 1: 100% Fast stilling med arbeidstid på dag og kveld. Fri helg og heilagdagar. Oppstart snarast.

Stilling 2: 100% vikariat med arbeidstid på dag og kveld. Fri helg og heilagdagar. Frå 01.09.2018 til 01.08.2019 med moglegheit for forlenging.  


 

Oppgåvene er:

  • Ta imot og behandle ulike tryggleiksalarmar og velferdsteknologiske varslingar som er utløyst.
  • Bidra til å vidareutvikle tenesta sitt innhald og nye velferdsteknologiske løysningar.
  • Bidra til at innbyggjarane i våre eigar kommunar, medarbeidarar og samarbeidspartnarar får nødvendig informasjon om tenesta.
  • Bidra til å sikre nødvendig dokumentasjon.
  • Innehavar av stillinga skal etter kvart og utøve arbeidet som 110 operatør ved sentralen. Her vil naudsynt opplæring og kurs bli gitt.

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisert sjukepleiar.
  • Erfaring frå og god kjennskap til helse- og omsorgstenesta i kommunehelsetenesta.
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Gode IKT ferdigheiter. Opplæring i fagsystem vil bli gitt.
  • Personleg eignaheit vektleggjast.
  • Sertifikat for personbil.
  • Gyldig politiattest må framleggas ved tilsetjing.
  • Godkjent legeattest i samsvar med den utdanning ein har eller skal gjennomføre ved Norges brannskole i henhold til krav frå Direktoratet for samfunnssikkerhet ( DSB ).
  • DSB har utarbeidt krav til stillinga i dimensjoneringsforskriftene § 7-5.

Søkjarar som ikkje stettar disse krava må forplikte seg til å gjennomføre naudsynt opplæring for å imøtekomme DSB sine krav.

Personlege eigenskapar:

  • Pågangsmot og god evne til å kommunisere.
  • Inkluderande og løysningsorientert.
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i team.
  • Beherske bruk av data som arbeidsverktøy.
  • Evne til tverrfagleg samarbeid og god gjennomføringsevne.
  • Snakke og skrive engelsk.

Vi tilbyr:

  • 100% fast stilling, for tida i todelt skift på føremiddag/ettermiddag måndag -fredag. Stillingane kan seinare bli omgjort til turnusstilling.
  • Lønn etter gjeldande tariff.
  • Gunstig pensjonsordning (KLP)
  • Ei utfordrande og spennande stilling innanfor eit viktig satsingsområde i Sogn og Fjordane.
  • Moglegheiter for fagleg utvikling i jobben.

Søknadsfrist: 21.05.2018

Merk søknad med stilling 1 (fast stilling) eller stilling 2 (vikariat).

Søker du på stilling 1 må du og skrive om det er av interesse at  søknaden og skal gjeld for stilling 2.

Kontaktpersonar:

Dagleg leiar Terje Brandsøy

Ansvarleg for tryggleiksalarmar/Velferdsteknologi Inger Elise Grotle.

Søknad med attestar og vitnemål sendast Dagleg leiar Alarmsentralen Sogn og Fjordane på e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Kopi til : Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Alarmsentralen har adm.tlf. 57751400.

 

 

 

 

Brannmelding 110

Vi syner først og fremst til DSB sine lover og reglar: www.dsb.no 
 
Og spesielt til:
§ 4-5 Mottak av nødmelding
Kommunane innanfor ein region skal være tilslutta felles naudalarmeringssentral som til ein kvar tid skal kunne ta imot meldingar om brann- og andre ulykker og iverksette nødvendige tiltak.


Naudalarmeringssentralen skal ha fast bemanning av kvalifisert personell og være organisert slik at melding blir forsvarlig motteke, registrert og fylgt opp. Naudalarmeringssentralen skal være samordna med øvrige naudetaters naudalarmeringssentralar som Politi naudnummer 112 og Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral AMK , naudnummer 113.

Viser til DSB si nettside:
www.dsb.no

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn Del på Google+

Responsivt design ©2013 av Web Norge basert på Joomla 2.5