topp

Tilknyting av automatiske alarmer mot ALSF

ALSF har utstyr for mottak som gjer at kunden har fleire alternative løysingar han kan velje mellom når han skal knytte seg opp. Dette er :

Overvaka linjer

Det er 1 firma i Noreg som leverer overvaka linje. Dette er AddSecure (tidlegare Securinet og SafeTel som fusjonerte i 2014). AddSecure har eiga heimeside der du kan finne opplysningar om kva produkt dei leverer og pris.

Overvaka linje bør nyttast for å trygge overvakinga.brann tilknytning

Ved bruk av overvaka linje vil eventuelt brot mellom kunde og ALSF bli oppdaga ved at vi får opp feilmelding på skjermen på alarmsentralen. Dermed kan vi varsle kunden som kan iverksette andre tiltak til feilen er retta.

Korleis etablerer ein overvaka linjer:
  1. Ta kontakt med ALSF ved leiar for å opprette eit kundeforhold og eventuelt få naudsynt informasjon.
  2. Du kan og få nyttig informasjon gjennom din lokale elektromontør. Eller det firma som har service på ditt varslingsanlegg .

 

Brannmelding 110

Vi syner først og fremst til DSB sine lover og reglar: www.dsb.no 
 
Og spesielt til:
§ 4-5 Mottak av nødmelding
Kommunane innanfor ein region skal være tilslutta felles naudalarmeringssentral som til ein kvar tid skal kunne ta imot meldingar om brann- og andre ulykker og iverksette nødvendige tiltak.


Naudalarmeringssentralen skal ha fast bemanning av kvalifisert personell og være organisert slik at melding blir forsvarlig motteke, registrert og fylgt opp. Naudalarmeringssentralen skal være samordna med øvrige naudetaters naudalarmeringssentralar som Politi naudnummer 112 og Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral AMK , naudnummer 113.

Viser til DSB si nettside:
www.dsb.no

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn Del på Google+

Responsivt design ©2013 av Web Norge basert på Joomla 2.5