topp

Alarmsentralen Sogn og Fjordane er sterkt inne på alt som har med mottak av automatiske alarmar, Vi har ein stor marknadsandel innan direkte tilknyting av automatisk brannvarsling i Sogn og Fjordane. Dei største kundane våre her er kommunane samt private næringsbygg.
 

Hovudgruppene er:CIMG0940

  • Automatiske brannalarmar
  • Trygghetsalarmar
  • Innbrot
  • Tekniske alarmar
  • Heis
  • Utkalling av tekniske vakter
  • Varsling av innsatsgrupper og frivillige organisasjonar som Sivilforsvar, Røde Kors Hjelpekorps og andre.

Vinninga med tilknyting til Alarmsentralen Sogn og Fjordane:

  • Raskare varsling av lokalt brannvesen
  • Raskara utrykking for å berge dei som oppheld seg i bygget.
  • Betre sikring av materielle verdiar
  • Betre sikring av lokale arbeidsplassar

Brannmelding 110

Vi syner først og fremst til DSB sine lover og reglar: www.dsb.no 
 
Og spesielt til:
§ 4-5 Mottak av nødmelding
Kommunane innanfor ein region skal være tilslutta felles naudalarmeringssentral som til ein kvar tid skal kunne ta imot meldingar om brann- og andre ulykker og iverksette nødvendige tiltak.


Naudalarmeringssentralen skal ha fast bemanning av kvalifisert personell og være organisert slik at melding blir forsvarlig motteke, registrert og fylgt opp. Naudalarmeringssentralen skal være samordna med øvrige naudetaters naudalarmeringssentralar som Politi naudnummer 112 og Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral AMK , naudnummer 113.

Viser til DSB si nettside:
www.dsb.no

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn Del på Google+

Responsivt design ©2013 av Web Norge basert på Joomla 2.5