Det er 2 firma i Noreg som leverer overvaka linje. Dette er Securinet og SafeTel. Begge har eiga heimeside der du kan finne opplysningar om kva produkt dei leverer og pris.

Bruk av nummersendar
Overføring av alarmar via ein nummersendar er ei løysing som etterkvart er på veg ut. Årsak er at overvaking via ovevaka linjer etterkvart er blitt så billigt at dei fleste vel dette. Har du allereie ei fastlinje som du kan sende over alarm via er dette fortsatt ei løysing som vil vere operativ i fleire år framover. Minuset er at du ikkje har overvaka forbindelsen mellom sendaren din og Alarmsentralen. Det er og viktig att det blir installert nummersendar som sender i det format som vi kan ta imot. Det finnes over 20 forskjellige formater på markedet.
Den sendaren som vi kan ta imot ifrå må kunne sende ein ID på 8 siffer til standard robofon mottakar eller 2 vegs tale via antenna format.
