TRykk for å gå til hovedsiden

Den kommersielle delen av Alarmsentralen


Alarmsentralen Sogn og Fjordane er sterkt inne teknologisk på alt som har med mottak av automatiske alarmar, kameraovervakning og andre tenester innan dette området. Vi har ein stor marknadsandel innan direkte tilknyting av automatisk brannvarsling i Sogn og Fjordane. Dei største kundane våre her er kommunane. Vi ser eit stort potensiale innan bedrift- og den private marknaden og kan tilby det meste av slike tenester der.

Hovudgruppene er:

  • Automatiske brannalarmar
  • Trygghetsalarmar
  • Innbrot
  • Ran
  • Tekniske alarmar
  • Heis
  • Videoovervaking
  • Utkalling av tekniske vakter
  • Varsling av innsatsgrupper og frivillige organisasjonar som Sivilforsvar, Røde Kors Hjelpekorps og andre.

Vinninga med tilknyting til Alarmsentralen Sogn og Fjordane:

  • Raskare varsling av lokalt brannvesen
  • Betre sikring av menneske som oppheld seg i bygga
  • Betre sikring av materielle verdiar
  • Betre sikring av lokale arbeidsplassar
Easy CMS - Ta kontroll over dine egne websider!Webdesign ©2003 Web Norge