Historie
Oppretting av Alarmsentralen Sogn og Fjordane.
Vårt dekningsområde er heile Sogn og Fjordane (ca 107 000 innbyggarar), totalt 26 kommunar fordelt på 18 634 km².Til saman i desse kommunane er det over 900 brannfolk i beredskap, fordelt på 26 hovudstasjonar og rundt 50 understasjonar/depot.

Alle innbyggarar i Noreg skal ved akutt naud kunne ringe eit av naudnummera 110,112 eller 113. Kommunane er pålagt å ha brannmelding 110 som skal takle hendingar som brann - ulykke og akutt forureining. 110 sentralen må vere bemanna 24 timer i døgnet 365 dagar i året.
Alarmsentralen i Sogn og Fjordane blei oppretta i 1982 og var då eit samarbeid mellom kommunane og Televerket ved at sentralen blei bemanna og delvis lønna med televerkspersonell. I 1995 overtok Alarmsentralen det fulle arbeidsgivaransvaret for dei tilsette.
Då Alarmsentralen blei oppretta var tilrådingane frå staten at sentralen kunne drivast med 1 person på vakt. Hovudoppgåva var mottak av 110 brannmeldingar og utkalling av brannvesen ved hjelp av tyfon.
Alarmsentralen sit i dag med høg kompetanse innan beredskap og med det nyaste innan kommunikasjon og overvakning.
Vår største utfording i høve beredskap er vår typografi. Fylkets oppbygning med lange fjordar med forgreiningar, samt høge fjell og lang kystlinje, set store krav til arbeidet hos oss.

