Tryggleiksalarmar.

Det å drive ein lovpålagd 110 teneste (naudnummer 110) krev ein viss bemanning på sentralen. Det er 2 operatørar på vakt 24 timar i døgnet ved Alarmsentralen Sogn og Fjordane IKS. For å utnytte disse ressursane har Alarmsentralen gitt eigarkommunane høve til å kople opp dei kommunale tryggleiksalarmane mot sentralen. Arbeidet med dette starta i 1999. I dag er Alarmsentralen mottakar av tryggleiksalarmar frå kommunane Bremanger - Eid - Vik - Årdal - Luster - Høyanger - Flora - Leikanger - Balestrand - Sogndal - Stryn - Fjaler - Hyllestad - Gaular - Hornindal - Jølster - Askvoll - Aurland.



For dei som er eldre og har behov for trygghetsalarm, ta kontakt med eigen kommune for å høyre korleis ein skal gå fram for å få dette til.  

Brannmelding 110


Vi syner først og fremst til DSB sine lover og reglar: www.dsb.no

Og spesielt til:
§ 4-5 Mottak av nødmelding
Kommunane innanfor ein region skal være tilslutta felles naudalarmeringssentral som til ein kvar tid skal kunne ta imot meldingar om brann- og andre ulykker og iverksette nødvendige tiltak.


Naudalarmeringssentralen skal ha fast bemanning av kvalifisert personell og være organisert slik at melding blir forsvarlig motteke, registrert og fylgt opp. Naudalarmeringssentralen skal være samordna med øvrige naudetaters naudalarmeringssentralar som Politi naudnummer 112 og Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral AMK , naudnummer 113.

Viser til DSB si nettside: www.dsb.no.

Webdesign ©2010 Web Norge - Easy CMS publiseringsløsning